Ukategorisert

P-dag i desember

På skulsk er p-dag forkorting for planleggingsdag. Det er ein dag utan elevar, sett av til møte, førebuingar og arbeid som ikkje let seg gjere medan skulen er i full drift. I desember får ordet likevel ei vidare tyding. P-en kan stå for pause, for pynt, for prinsipp eller for det å prøve å halde fast i noko medan året går mot slutt.

I ljos av dei siste dagane sine tragiske hendingar burde eg i dag ha blogga om filmen The Princess Bride av Rob Reiner frå 1987. Dette uforgløymelege eposet, med House of Cards-stjerna Robin Wright i rolla som Buttercup og Mission: Impossible-stjerna Cary Elwes som Westley, og deira kamp mot den ellevefingra Nigel Tufnel og lakeiane hans, er ei sann perle av ein film.

Diverre er filmen ikkje ein eksplisitt julefilm. Det er berre ein film mange ser i jula. Det vert det spelt på i filmen Once Upon a Deadpool, som vi av same grunn ikkje omtala i går. Det er berre ein X-Men rip off av The Princess Bride, slik at elleveåringar også kan sjå Deadpool-filmar utan tilsyn av vaksne. Filmen er pakka inn i julepapir, men med Fred Savage som seg sjølv og Deadpool som Columbo.

Apropos snakke.

Som vi kan sjå frå denne grafiske framstillinga frå Wikipedia av etymologien til bokstaven P, så er utgangspunktet ein munn. På Wikipedia kan vi lese:

P (p) er den 16. bokstaven i det det latinske alfabetet. Han svarar til bokstaven pi (Π, π) i det greske alfabetet og stammar frå det fønikiske alfabetet. På semittisk heiter bokstaven pe, som tyder «munn» og i den opphavlege biletskrifta har teiknet gjengitt ein munn. Grekarane kalla han pei, seinare pi, og etruskarane og etter dei romarane kalla han pe. Den latinske bokstavforma er påverka av den greske bokstavforma for r. I det eldre runealfabetet er bokstaven sjette rune i andre ætt.

Det greske alfabetet hadde ein særskild bokstav for ph (Φ, φ), med namnet phei eller phi. Frå keisartida vart han uttalt f og fi. I tillegg hadde dei ps (Ψ, ψ), med namnet psei eller psi. Desse var respektive 21. og 23. bokstav i alfabetet. Av Φ utvikla det romerske talteiknet M = 1000 seg, av Ψ talet L = 50.

I norsk er p ein stemmelaus, bilabial lukkelyd, aspirert i framlyd og utlyd, medan han er uaspirert etter s og mellom vokalar.

På denne P-dagen er det naturleg å skrive om julefilmen Polarekspressen.

Polarekspressen er ei juleforteljing som ferdast i grenselandet mellom draum og røynd. Filmen følgjer ein gut som ein sein julekveld vert henta av eit tog som ikkje står i noko rutetabell. Toget køyrer nordover, mot Nordpolen, gjennom snøkledde landskap og ei natt som verkar både endelaus og ladet med forventning.

Reisa handlar ikkje først og fremst om å kome fram, men om det som skjer undervegs. Guten møter andre born, ein konduktør som talar i gåter, og ei verd der reglar finst, men ikkje alltid vert forklarte. Alt er i rørsle, også tru og tvil. Filmen stiller eit stille, men insisterande spørsmål: Kva skjer når ein sluttar å tru, og kva krevst for å halde fast ved noko ein ikkje kan bevise?

Visuelt er Polarekspressen prega av eit uttrykk som ligg tett opp mot det realistiske, men som aldri heilt slepper det uverkelege taket. Snøen glitrar, klokkene kling, og toget dundrar fram med ei tyngd som gjev reisa alvor. Samstundes ligg det eit drag av kulde og framandgjering i bileta, som minner oss om at dette ikkje er ei mjuk og lun juleforteljing åleine.

Filmen vart møtt med delte reaksjonar då han kom, særleg på grunn av animasjonsstilen. Likevel har han fått ein varig plass i mange si juleoppleving. Kanskje nett fordi han ikkje berre vil trøyste, men også uroa litt. Polarekspressen seier at jul ikkje berre handlar om varme og lys, men også om val, tru og motet til å lytte når noko ringjer svakt i det fjerne.

Men det skal vi ikkje gjere.

Pete’s Christmas er ei juleforteljing som tek utgangspunkt i det velkjende ønsket om at jula berre kunne bli over. Filmen følgjer guten Pete, som opplever at julaftan går gale frå første stund. Alt som kan slå feil, gjer nettopp det. I frustrasjon ønskjer han seg bort frå heile dagen, berre for å vakne opp og oppdage at julaftan byrjar på nytt. Og så ein gong til.

Handlinga er bygd rundt ei tidsløkke, der den same dagen vert levd om att og om att. Om lag som Groundhog Day, men ikkje som i Om utregning av romfang av Solvej Balle. For kvar repetisjon får Pete sjansen til å gjere ting annleis, rette opp feil og forstå meir av både seg sjølv og dei rundt seg. Det som først verkar som ei straff, vert etter kvart ei moglegheit. Filmen let oss sjå korleis små handlingar, ord og haldningar får større tyding når ein faktisk får tid til å merke dei.

Tonen i filmen er lett og tilgjengeleg, med tydeleg preg av familiekomedie. Samstundes ligg det eit alvor under overflata. Pete’s Christmas handlar om forventningar, nedturar og det stille presset om at jula skal vere perfekt. Gjennom gjentakinga vert det klart at det ikkje er dagen i seg sjølv som må endrast, men blikket Pete har på han.

Filmen nyttar enkle verkemiddel og held seg tett på kvardagslege situasjonar. Det er ingen store mirakel eller vidunderlege reiser, berre ein heilt vanleg familie, eit heilt vanleg hus, og ein gut som gradvis forstår at jul ikkje handlar om å få alt slik ein vil, men om å sjå dei ein har rundt seg.

Pete’s Christmas er difor ei stillfaren juleforteljing om modning. Ho seier at jul ikkje vert betre av å bli perfeksjonert, men av å bli delt. Når Pete til slutt slepp ønsket om å kome seg unna jula, har han samstundes lært kvifor han eigentleg høyrer heime der.

Men den skal vi heller ikkje skrive om.

The Best Christmas Pageant Ever er ei juleforteljing som tek utgangspunkt i eit lokalsamfunn der alt går som det alltid har gjort. Juleframsyninga i kyrkja er ein årviss tradisjon, nøye innøvd og trygt plassert innanfor kjende rammer. Så kjem Herdman-borna, og ingenting vert som planlagt.

Herdman-familien er berykta for bråk, regelbrot og manglande folkeskikk. Når dei tek over alle hovudrollene i juleframsyninga, vekkjer det både frykt og forarging. Det som kunne ha vorte ei historie om uro og fiasko, utviklar seg i staden til ei forteljing om blikket vi møter jul og medmenneske med.

Filmen skildrar korleis Herdman-borna, utan førehandskunnskap om julebodskapen, les historia om Jesu fødsel bokstaveleg og alvorleg. Dei stiller spørsmål ingen andre lenger stiller, reagerer på urettferd der andre har vend seg til teksten, og gjev forteljinga ei rå og uventa tyngd. Slik vert juleevangeliet avkledd vanen og levert attende med ny kraft.

Tonen er varm, men ikkje sentimental. Humoren er jordnær og stundom skarp, og han fungerer som ein inngang til ei djupare erkjenning: at jul ikkje handlar om å få alt til å sjå rett ut, men om å ta imot bodskapen slik han faktisk er. Når det uperfekte får rom, oppstår noko sant.

The Best Christmas Pageant Ever minner oss om at dei største juleaugneblinka ofte kjem når planane bryt saman. Det er ikkje alltid dei mest veloppdragne som forstår kva jul eigentleg handlar om, men dei som vågar å ta historia på alvor, utan pynt og trygg avstand.

Julepyntfaktor
Filmen er gjennomsyra av julepynt. Heimar, kyrkje og fellesrom er tydeleg kledde for høgtid, utan ironi eller tilbakehald. Pynten ligg der som ein konstant og gjer det umogleg å vere i tvil om tid og årstid.

Julesangfaktor
Julesongen er tett knytt til julespelet og fungerer som ein integrert del av handlinga. Songane oppstår i øvingar og i sjølve framsyninga, og er med på å bere både fellesskap og konflikt. Det er gjennom songen julebodskapen får form og tyngd.

Julesnøfaktor
Snøen er synleg og truverdig til stades. Han ligg i landskapet, rundt husa og i lufta, og forankrar forteljinga trygt i vinter og desember.

Julebakstfaktor
Bakst er ikkje berre dekor, men ein viktig del av handlinga. Bakinga får konsekvensar for både relasjonar og utvikling, og er med på å drive historia framover.

Julematfaktor
Utsikta til julemiddag ligg som ei forventning gjennom filmen. Ikkje minst gjennom juleskinka som spelar ei viktig rolle som vandrepresang.

Terningkast

Legg igjen en kommentar